Lihestklyvet i HyllestadSøndag 10. juni går Lihestklyvet av stabelen for 22. gang.Løypå for Lihestklyvet er frå Lekva, om 3L-stølane, og så vidare til Gygrekjeften. (Tur frå Porten blir ikkje arrangert i år heller ). Påmelding på Lekva frå kl.09.30 til kl.10.30. Første stopp blir på 3L- stølane, der ein frå kl 11.00. får servert “Gygreskvetten”. Utdeling av turmerke, plakettar og trekking av gevinstar på påmeldingsslippen på Gygrekjeften frå kl.12.00. Velkomen på tur. FAMILIEDAG/GRENDACUP 2.JUNI - Hyllestad idrettsanleggPROGRAM Kl 10.00: innlevering av laglister med namn/alder Kunst og kulturcafè i Skifjord grendahus. 17. juni frå 15:00 Hovudutstillar: Thorstein Rittun.Vi flesker til igjen, og henter inn en ny dyktig kunstner til Skifjord Grendalag sin kunst og kulturcafè 2012. Sist vi arrangerte dette, hadde vi Grethe Kjosnes si kunst på veggane, ung og framgangsrik kunstner med base på Bømlo, og med røter i Ytre Sogn. Ho jobbar både i det naturalistiske og i det fargesterke og mystiske, og heimesida hennar finn du her: http://www.123hjemmeside.no/gretheskunst/45925546 Ope styremøte i Leirvik GrendelagGrendelaget i Leirvik ynskjer å ha opne styremøte framover, slik at bygdefolket kan komme med innspel og idèar – både til kva vi skal jobbe med, og korleis vi kan få gjennomført ting. Bli gjerne med oss på Leirvik Kro torsdag 24.mai kl 20.00! På saklista denne gangen har vi mellom anna handlingsplan for siste halvår 2012, samt saksgangen rundt Bøfjord Ungdomslag (som no er nedlagt) og kva som skal skje med ungdomshuset. Vel møtt! Hyllestad - Askvoll/Holmedal: 2 - 3
Då er det klart for det første kampreferatet for sesongen, som samstundes er det første på lenge. I år skal vi på ny freiste å formidle innhaldet i dei spennande Hyllestad-kampane, i den tru at dette er eit etterlengta behov rundt om i heimane. I år var det endå til duka til 16. mai-kamp, noko som nye Hyllestad ikkje har hatt før. Som seg hør og bør var dette eit lokaloppgjer, der Askvoll/Holmedal var motstandar. Her var med andre ord duka for eit ekte HAFS-oppgjer. For å sette prikken over i-en, så var det Dale si heimebane, Dingemoen, som var kveldens arena, med tilhøyrande audielle og andre jordiske fasilitetar. Det var ein motivert og kampklar Hyllestad-gjeng som var plukka til dette oppgjeret om lokal ære og berømming. Sidan sjefen sjølv var på plass på ein anna stadion, i ein by der dei heller ikkje klarar å sei R, og assistent Wilson hadde plassert seg sjølv i mål, måtte Dale sin stjernespelar frå Hyllestad, Martin Tonning, styre frå sidelinja. Troppen vår såg slik ut: Referat fra Barnas Turlag Hyllestad / Sauesnyken 06. mai
Trass haglebyger og kald vind var det ein sporty gjeng på 21 personer som møtte opp og var klar for tur i dag. Etter velkomsttalen bar det i veg oppover skogsveien. Første stopp var Panoramautsikten der vi åt niste og ungane fekk stempel i turpassa sine. Det var tre unger som hadde vert med på alle fire turane i år og dermed fekk premie. Barnas Turlag Sykkeltur 03. juniBarnas Turlag Hyllestad inviterer til vår alle første SYKKELTUR!! Vi møtast ved Fure ferga kai kl 08.00, ferga går kl 08.20 frå Fure og er ute i Værlandet kl 09.30. Der vert det info for dagen og opptelling om antall personer (smått og stort) som skal ha middag på Værlandet Gjestehamn på slutten av sykkeltur ca kl 14.00. På kroa skal Gry Leite (tante til Vegard Leite fra ”Idol 2011”!) servere gryterett m/ris, brød og salat inkl valgfri drikke kr 140 pr pers eller stor pizza inkl valgfri drikke kr 180 pr pers. Vi syklar ”NORDSJØPORTEN” – VEG MELLOM VÆRLANDET OG BULANDET. Når vi er komt i Bulandet så vert det mulig å stoppe på Bulandet Temapark eller gå ein tur på ein liten fjelltopp (tek 10 min). Det vert også fiskemuligheiter – hugs fiskeutstyr. Fjaler Kino i Dale: American Pie: ReunionSundag 13. mai kl 20.00 «American Pie: Reunion» Am. Komedie/Romantikk 11 år. Søknadsfrist Hyllestad og Fjaler kulturskule15. mai er fristen, enten ein vil søkje nytt tilbod, endre tilbodet eller slutte. Organisasjonar og institusjonar som ynskjer å kjøpe tenester vert og bedne om å ta kontakt. All nødvendig info finn du her. Hagedugnad EiklundVåren er her! No skal det bli fint til 17.mai og sommaren! Har du tid og lyst til å gje ei hjelpande hand blir det dugnad desse dagane; Jubileumskonsert med Fjordklang !Fjordklang arrangerer i lag med Norsk Kvernsteinsenter konsert i Kvernsteinsparken på Hyllestad laurdag 19.05 kl.15. Fjaler Kino. Kinosjefen set opp nye filmar.![]() Kåre Antonisen har plukka ut nye filmar. Først i mai kjem desse. Her kjem ønskje: HAVYARD CUP 2. JUNI -utvida påmeldingsfrist !!Kommunekonferanse i Leirvik, torsdag 29.mars kl 1830-2100Stad: Leirvik Kro & Motell Arrangør: Sogn og Fjordane Arbeiderparti og Hyllestad Arbeiderparti Dansecamp - Dans utan grenserDet vert dansecamp i Førde helga 23. – 25. mars. Det er Danseverkstaden og Dans utan grenser som arrangerer. Aldersgrense 13 år. Informasjonsbrosjyre finn du her . Fjaler Kino med ny premiere. Krig over Strynefjellet.![]() Det er 27. april 1940. Det er krig. Dette er den sanne historia som er Les mer… Ekstraframsyning Fjaler Kino: Folk ved fjorden. Laurdag 3. mars kl 16.00
Folk ved fjorden Avis Strilen. Av Ketil Tjore: Vil du ut og treffe andre ein kveld? Likar du å danse? Vil du opptre på scena? Treng du trim? Vil du ta vare på litt norsk tradisjon? Vil du berre sjå på?Torsdagsdansen. Film frå Flekke.![]() I Fjaler har vi no i 30 år hatt eit danseprosjekt. Kultur. Samarbeid. Konsert med Fjordklang !I lag med Folkeakademiet Hyllestad arrangerer Fjordklang konsertkveld i Fleirbrukshuset tysdag 20.03. kl. 19.00. Fjordklang syng songar og publlikum vil få sjansen til å delta på allsangar. I pausen vert det kaffi og kaker. Inngangsbillett er 100 kr for voksne og 50 kr for elevar. Håpar du kjem og høyrer på oss, og deltek på allsongane. Vel møtt !
Hyllestad
Følges av 201 medlemmer.
Dette er ei fellessone for alt som rørar seg av aktivitet i Hyllestad kommune. Frå denne sona skal alle lag og organisasjonar – samt alle interesserte enkeltpersonar – bidra med positive innlegg og diskusjonar. Nøl ikkje med å laste opp bilete, oppdatere kalendaren eller å skrive referat frå noko som har skjedd. Sona er opa for alle, og innhaldet er Hyllestad-relatert. Alle medlemmar pliktar å fylgje det oppsette regelverket som ser slik ut: 1. Alle innlegg skal underteiknast med fullt namn. Anonyme innlegg vert sletta utan nærare varsel. 2. Innlegg som strid mot norsk lov vert sletta. 3. Innlegg som ikkje held seg til sak vert ikkje tilletne. Personangrep og injurierande innlegg vert fjerna utan varsel. 4. Bruk alminneleg folkeskikk. Ha respekt for at andre kan meine andre ting enn deg sjølv. 5. Skriv innlegga på norsk. Prøv å bruk så godt språk som mogeleg. Ver obs på teiknsetjing og rettskriving. Les gjennom to gangar før du publiserar innlegget. Unngå bruk av MSN og SMS-språk (forkortingar, smilefjes o.l.). 6. Alle som bidreg er ansvarlege for det dei skriv. 7. Det er ikkje tillete å publisere det same innlegget fleire gangar på rad, såkalla ”spamming”. 8. Bruk av sona for kommersielle føremål er ikkje tillete (reklame o.l.). 9. Innhaldet skal primært vere relatert til Hyllestad. Dersom ein ynskjer å debattere andre saker, sjå om det finst andre soner som passar betre, eller opprett di eiga sone. 10. Hald ein god tone, og gjer ditt beste for å skape ei positiv, skapande og inkluderande sone. 11. Ved brot av ein eller fleire reglar får ein ei åtvaring. Etter tredje åtvaring vert ein utestengd frå sona. Klager skal meldast inn til ein av moderatorane. Moderatorane skal ikkje redigere debattar på eigne innlegg. Moderatorar i sona er: Joakim Systaddal Hyllestad er en sone på Origo. Les mer Annonse | |||||||||||