Etter ufattelig mange dugnadstimar, planlegging, byråkrati og blod, svette og tårar – (Vart nokre skrubba kne og klemde fingrar) stod den utruleg flotte ballbingen fiks ferdig utanfor Skifjord Grendahus i sommar. Den har vore i meir eller mindre dagleg bruk, og no er det på tide med ei skikkelig opningssermoni. Olav Kjos Venjum frå fotballkrinsen kjem og er med på opninga, og Sparebanken Sogn og Fjordane som har vore med på finansieringa skal overekke gavesjekk på 25 000 kroner. Grendalaget inviterar heile bygda og alle andre som har lyst til å komme, til å vere med på begivnaden. Vi spanderer grillpølser og kaffi, og utfordrar alle til å stille i egna fottøy for å teste ut kunstgraset på bana. I tillegg vert det namnekonkurranse. Ballbingen er eit mykje for nøytralt namn, Bør heite noko flott som; Skifjord Stadion, Camp nettnou, myldregrøfta, arena sklitakle eller ….,Vi må altså ha vårt eige namn på det nye møtepunktet. Kom med forslag – flott premie til vinnaren! Vi sjåast den 11. sept!
- Styret -