Si det med ropert
Dette innlegget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Nordhordland no (torsdag 27. august 2009) og Fjordaglimt (torsdag 27. august 2009) Les mer…

Gaular 2 - Hyllestad: 4 - 4

Tysdag 25. var det klart for sesongens første av det som er det næraste vi stakkars einsame sogningar kan kalle for eit lokaloppgjer. På førehand hadde vi gleda oss til å søke kunstgrasinspirasjon på den flunkande nye bana på Sande, men Gaular sitt taktiske team hadde andre planar for oss denne kvelden. Vi vart difor peila nedover langs elva til grasbana på gode gamle Osen stadion. I ausande regnvêr. Dette var nok ikkje ideelle rammer for vårt feinschmeckerspel, noko vi mistenkjer Gaular for å spekulere kraftig i. 90 minutt med gjørmebryting vart difor eit uunngåeleg faktum.

Laget som starta likna mykje på suksessgjengen frå Sandane-kampen:

Keeper: Frank Jarle Stølen
Venstreback: Jan Anders Wickstrøm
Midtstoppar: Espen Glavær
Midtstoppar: Martin Tonning
Høgreback: Joakim Systaddal
Venstrekant: Huw Wilson
Sentral midtbane: Pavel
Sentral midtbane: Steffen Wolff
Høgrekant: John Bårøy
Spiss: Nikolai Kvellestad
Spiss: Alexander Høie

Benken:

Aleksander Eide
Dag Jøran Aralden
Stig Kongsvik
Hans Kristian Tveito
Rudi Wolff

Med oss hadde vi to debutantar; Alexander Høie og Hans Kristian Tveito. Alex starta og Hans kom inn på kanten. Begge gjorde ein fullt godkjent debut, Hans fekk til og med assist. Kampen var alt frå starten av prega av mykje skliing, upresise ballar, rotete føringar og grove sleivspark. Det var tydeleg at denne kampen aldri kom til å verte noko einvegskøyring, verken i den eine eller andre retningen. Ingen av laga skapte noko som kunne kallast fint spel, men halvsjansar oppstod frå tid til anna då ballen enten akslererte forbi ein back, eller bråbremsa i vassplaninga mellom to lagledd. Dette gav ikkje noko resultat til å begynne med.

Den første skåringa høyrer til blandt dei sjeldne i 6. divisjon. Gaular kjem til innlegg på si høgre side, og inne i boksen ligg ein Gaularspelar strak ut i lufta og knuser ballen i mål på volley. Rett og slett ei perle. Gaular sitt taktiske team (heretter GTT) har bestemt at alle Hyllestadspelarar som er kledde i raude nyansar må klagast inn for dommaren slik at vi ikkje potensielt kan forvirre forkava sunnfjordingar. Dommaren ser i aller høgste grad poenget med dette, og gjer oss overhøvling fleire gangar både for dette, og for at vannflaskene våre står for nær bana. Vi får utlikna like før pause, og går til kvile med god tru på at dette skal gå vegen.

GTT sler fast at vi skal klare andre omgang utan dei meir sjølvlysande gule ballane i skumringa under det manglande flomlyset på Osen. Andre omgangen startar med dei mest underhaldande ti minuttane vi har vore med på sidan heimekampen mot Hyen. Etter 55 minutt er stillinga 3 – 3, etter fire meir eller mindre klønete mål. Kampen går etter dette vidare som den har gjort, og annakvar duell endar med at minst to spelarar sklir eit par meter. Til og med dommaren tok seg eit C-moment når han brått måtte ha ein snuoperasjon på midtbana, og fekk teste kvaliteten på potetjorda langs Gaula. Etter kvart fekk Gaular att leiinga på det vi vel å karakterisere som eit offside-mål, før vi sler tilbake like før slutt, og utliknar med det vi objektivt vel å kalle eit onside-mål. Gaular sin utsende med markeringsflagget hadde nok mistolka instruksen om å markere om ballen var ute. Han passa på å ettertrykkjeleg peike mot Hyllestadmålet når ballen gjekk ut over linja, uavhengig av kven som sist var borti ballen. I tillegg vinka han av 138% av framspela våre for offside (inkludert eit par som ikkje kom gjennom, og eit par som ikkje var framspel). Dermed enda gjørmebrytinga 4 – 4, eit resultat som poengmessig sett teiknar eit rettferdig bilde av kampen.

Det vart som alltid mot Gaular litt temperatur i duellane og ein heil del banning, både til kvarandre og til dommaren. Vi tykkjer likevel det er moro å møte Gaular, og neste gang håpar vi at dei også ynskjer å takke oss for kampen. Dette var andre gangen i år at vi vart tatt på senga av omstendigheitene, og dermed vel å legge all skuld på baneforholda. Dommaren får godkjendt for sjølve dømminga, men ein time meditasjon og avkobling før neste kamp er truleg å anbefale for hjartet hans sin del.

Vi trur framleis at vi kjem til å dra avdelingssigeren heim til ytre Sogn, og frå no av heiar vi på Gaular. Bortsett frå i ein kamp, sjølvsagt.

Kommentarer

Hahaha. Alt for sant :)

Utruleg godt referat! Eg føler eg har vore der og opplevd det heile! Hald fram med å fortelje om desse fotballkampane, Joakim!