| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Nordhordland no (tirsdag 1. september 2009). Les mer om roperten… Hyllestad - Hyen: 5 - 1
Alle foto: Amanda Strandos Ny tysdagskveld betyr ny runde for tapre gutar på Hyllestad sitt eminente Tippeliga 2018-lag. Denne veka er det våre vennar frå Hyen som tek den lange turen på besøk. Sjølv om vi ikkje hadde nervar til å garantere finvêr etter gårsdagens trening, varta våre allierte vêrgudar opp med både opplett, myggjagande bris og endåtil litt sol – om ikkje anna enn for å skape dei rette kulissane.
Forrige gang hyarane var på besøk endå det i festfotball for vår del, og vi gav oss ikkje før det stod 8 – 1 den gangen. Vi har sagt det før – dei tretimars lange turane etter arbeid og skule er så langt frå ideell oppladning som ein kjem. Hyen er frå før kjend som divisjonen sin suverene einar på nettet, og hadde i går ein prematch der dei reflekterte litt over kampen og resten av sesongen. Og det er rett som dei poengterar – denne kampen vert svært viktig for utfallet i avdelinga vår. Vidare kunne vi lese på fan-sida til Hyen på Facebook at troppen skulle halde god kvalitet. Det var difor viktig å kome godt i gang, og sette det rette trykket frå starten av.
Og det gjer vi. Om vi ikkje køyrer over Hyen, så har vi god kontroll, og dei skapar lite og ingenting framover på bana. Vi får eit noko heldig førstemål, der Pavel fyrer laus frå lang distanse og ein ulykkeleg hyar styrer ballen slik at keeper vert sett ut av spel, og må hente ballen ut av nota. Herfrå og ut styrer vi kampen, og Nikolai skorar eit vakkert mål. Ikkje lenge etter legg han ballen inn til Stig som får ein lett jobb med å knuse ballen i nettet. Det er difor fullt fortent at vi går til pause med 3 – 0. Trenar Wolff har ikkje mykje å sette fingen på i pausen, så vi durar i gang med andre omgang slik som vi avslutta første.
Ut over andre omgangen får hyarane litt meir tak i kampen, og etter at vi har auka på til 4 – 0 får dei inn ei redusering. Kampen er mykje jevnare i ein periode, og Hyen kjem nesten gjennom eit par gangar, utan at det vert spesielt farleg. Tommy hadde ein kjempedag, og hadde full kontroll på det meste. Det siste kvarteret tok kaptein Steffen tak i laget, og vi fekk etter kvart kontroll over spelet att. Dei siste ti minuttane kunne vi med maksimal utteljing ha skåra fem mål til, men marginane var ikkje heilt med oss, og stillinga var 5 – 1 i vårt favør når dommar Karl Inge Wolff blåste av for full tid.
Hyen er ein kjekk gjeng å møte, og denne kampen var så finspelt som det omtrent let seg gjere. Ingen stygge taklingar, og berre nokre få frispark vitnar om at det var to lag som ville spele fin fotball som var i aksjon. Dommaren fekk ikkje noko vanskeleg oppgåve, og gjorde heller ingen feil av betydning. Sjølv om Hyen ikkje varta opp med det heilt store spelet, så skal dei berømmast for at dei held på taktikken, og at moralen i laget er god – sjølv når stillinga er nedbrytande. Vår bortkomne son, Ørjan Akse, klarte å unngå å rope heia Hyllestad denne gangen, men vi som følgde med og las leppene hans fekk med oss eit par djupe kjærleikserklæringar til moderklubben også i kveld.
For vår del handlar det om å vinne så mange som mogeleg av dei resterande kampane, inkludert dei to i Nordfjord. Klarar vi det er 5. divisjon innanfor rekkevidde. Det er sjølvsagt moro nok i seg sjølv, men det kan samstundes vere avgjerande for at vi får behalde talenta våre i nokre år til. Det er trass alt mykje kjekkare å spele 5. divisjon i Hyllestad enn det er å spele 5. divisjon i Dale! Og som vanleg – takk til vårt kjære heimepublikum for god støtte. På den fronten held vi iallfall 5. divisjonsnivå! Bilete frå kampen er varsla skal kome i morgon. Hyen sitt referat finn du her. Den andre kampen i vår avdeling, Sandane 2 – Anga enda 2 – 0. Annonse | ||
Kommentarer
Artig lesing!! Gratulerer kara. 5. div next!!:)
Eg vil sjå Hyllestad-kamp!!! Konge om da blir opprykk!