Idèmøte for Hyllestad kommune si jubileumsfeiring

Jubileumsnemnda ynskjer å invitere alle i Hyllestad til idèdugnad for å planlegge feiringa av 150-årsjubileumet til neste år. Lag og organsisajonar er særskilt oppmoda om å møte. Det er viktig at flest mogeleg kjem på bana med sine innspel for å få ein breiast mogeleg platform å jobbe ut frå. På dette møtet er ingen forslag dårlege!

Møtet finn stad i kommunestyresalen, og startar klokka 19.30 i dag, 9. september. Det vert leia av rådmann Trond Halvar Hansen i samspel med Torbjørn Løland og Kjell Eide. Det vert elles servert lappar og kaffi for å få fart på tankane. Ta med naboen, sprei ordet og ver med på ein felles dugnad for ei triveleg feiring!

Kommentarer

Joakim, ideen er bra, likeins klokkeslettet, men dagen…. Ja, kva dag skal møtet haldast???

Mbh. Ingemar

Annonse

Nye bilder