Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Nordhordland no (onsdag 1. februar). Les mer om roperten…

Jubileumsgåve til Fjordklang !

Som de kanskje har lese ut frå tidlegare pressemeldingar i avisene, er Fjordklang avhengig av meir pengar for å drive vidare sidan vi ikkje lenger mottar støtte via kulturskulen. Av den grunn tok Astrid Waage initiativ til å samle inn pengar til oss. Ho har i lag med Terje Eilertsen starta innsamlinga.
I desse dagar vil alle husstandane i Hyllestad få eit brev med giro som dei har utarbeida.
Dei har også engasjert folk i dei ulike grendene.

Dette synest vi i Fjordklang er kjempebra og vi set stor pris på det initiativet dei har tatt. Dette var utløysande for at vi no er i drift att med vikardirigent. Vi håpar sjølvsagt at vi får fleire medlemmer i koret. Vi har plass til mange og vi har ingen stemmeprøver. Om du ikkje har føresetnader for å synge, håpar vi du likevel kan bidra økonomisk.
På førehand takkar vi for gåva.

Nedanfor finn du brevet dei har laga. Det vil komme i postkassen til deg.

Jubileumsgåve til Fjordklang !

Fjordklang har gledd oss med songen sin i 20 år – på konsertar og ulike tilstelningar.
Hyllestad kommune har heile tida vore ein viktig støttespelar for koret og har – gjennom kulturskulen – bidratt til å dekke utgifter til dirigent.
Men i ein overgangsperiode må dirigenten hentast utanfrå, noko som medfører reiseutgifter.
Kommunen er inne i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og har mange oppgåver å ta seg av. Kommunestyret har difor ikkje funne å kunne dekke denne ekstrakostnaden.

Den beste gåva til Fjordklang vil vere at mange, nye sangfugler melder seg inn i koret.
Men også dei som sjølve ikkje har den føresetnaden som skal til for å vere aktive i koret, men som like fullt set pris på at Fjordklang er med og spreier glede, kan vere med å hjelpe koret over kneika.

Vi vil difor oppmode innbyggjarane i Hyllestad om å gje ei jubileumsgåve til Fjordklang.
Målet er å få inn minst 20 000 kroner, som er den summen som trengs for at Fjordklang skal kunne halde fram og mellom anna gjennomføre ein konsert i Kvernsteinsparken til våren. Men vi vonar å klare meir. Og Fjordklang har lova at kvar ei krone skal omsetjast i meir korsang til glede for alle.

Vi oppmodar kvar husstand i kommunen om å betale kr. 200,- eller meir til koret.
Du kan nytte vedlagte giroinnbetalingskort, eller overføre summen direkte til Fjordklang sin konto nr. 3837 10 13048.

Med venleg helsing

Atle Lerpold Gerd Langeteig Eide Oddvar Hatlem

Martha Systad Iden John Nordbø Terje Eilertsen

Vist 140 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder