Viser arkivet for desember, 2011

Fleire forteljingar frå gamle dagar. Sogeskrift for Hyllestad 2011.

På skuletur til Voss. Slutten av 1950-åra.

Endå ei bokmelding om forteljingar frå før i tida. No frå Hyllestad. Her kan du lese om:
Jul i Øen 1936. Oppvekst i Lifjorden 1948 – 56. The Potter Himself. Anna Severina. Inga Drøsdal, ei pionerkvinne frå Hyllestad. Minne frå Skifjord skule, Minne frå krigen. Visste du at det går an å bruke ved som drivstoff på bilen? Vil du vite meir?

Mange likar å høyre forteljingar frå før i tida. Sogelaga Les mer…

Loppemarknad 28. januar i Åfjorddal bygdehus

Set dei tinga du er i tvil om at du treng meir – tilsides !!!

Åfjorddal Ungdomslag planlegg LOPPEMARKNAD, og tek imot alt som du trur kan kome til nytte hjå andre, men det må vere reint og heilt.
Vi kjem tilbake med meir informasjon når det nærmar seg.

NISSETURBOTUR TIL BRUKELIA 4. DESEMBER 2011

Endeleg var det klart for årets nissetur for Barnas Turlag i Hyllestad. Etter kvart som barna dukka opp før start i Kvernsteinsparken, fekk alle seg ei skikkelig overrasking; Vi hadde nemleg fått besøk av den ekte og store Turbo, som gjorde spilloppar og leika med barna mens alle gjorde seg klare. Gjett om det var stas å herje med denne turboreven, sjølv om dei minste syntes han var litt vel skummel. Likevel vart dei fort vener med han, alle sa

Trass den ulande og iskalde vinden skulle det bli fjelltur i dag også, nærare bestemt til Brukelia som ligg oppe i åsen over byggefeltet i Hyllestad. Når Turbo ville på tur, ville sjølvsagt alle barna og dei vaksne vere med også, og så bar det oppover med alle saman.

Det var eigentleg ikkje lange biten opp til leirområdet i Brukelia, særleg ikkje når ein fekk gå i lag med Turbo. Men jammen var det fleire som venta på oss oppe på leirplassen, nemleg to små nissar som hadde benka seg og satt og venta på barna. I sekkane sine hadde dei turbobuffar til alle, og pepparkaker og godteri. Turbo blei i alle fall skikkeleg begeistra over å treffe nissane, og tykte det smakte godt med litt søtsaker etter dei bratte bakkane. Då vi hadde kvilt ut ei stund måtte alle seie farvel til smånissane, fordi vi skulle ned att til Kvernsteinsparken.

Vi blei møtt av brennande faklar som leia veg i skumringa fram mot Storehuset, og no var det tid for mat. Turboleiarane hadde laga graut over grua, og det var godt å komme inn i varmen til noko varmt å ete. Etter maten var det tid for litt meir leik med Turbo, før han måtte dra heim. Då alle andre var gode og mette var det på tide å komme seg heim frå årets siste Turbotur.

Vi takkar Kvernsteinssenteret Hyllestad for gratis lån av Storehuset i Kvernsteinsparken.Vi gler oss til nye turar i 2012

Helsing Barnas Turlag Hyllestad

Kommentarar til Hyllestad kommunestyre angåande budsjettforslag 2012.

FO sine medlemmer er tilsett i mange delar av organisasjonen Hyllestad kommune. Vi kjenner difor kvardagen i fleire delar av kommunen; skulen, nav, miljøtenesta og psykisk helseteneste. Vi er uroa over administrasjonssjefen sine framlegg til kutt i alle desse tenestene. Vi ser at kommunen er i ein vanskeleg situasjon, men om ein skal levere kvalitet i tenestene til ei brukargruppe med ekstra utfordringar i livet er ein avhengig av ressursar.

På skulen er det føreslege å ikkje bruke klassedeling, ikkje vikar, ikkje ekskursjonar og mogleg kutt i spesialpedagogiske tiltak. Når det gjeld spesialpedagogiske tiltak har desse elevane lovfesta rettar som ein kommune ikkje kan vedta å sjå vekk frå. Klassedeling gjev elevar og lærarar ro til å jobbe godt fagleg. Med færre elevar kan læraren bruke meir tid på den enkelte. Å ha tid til å sjå kvar elev, kvar time er uvurderleg for å fange opp psykososiale problem. I tillegg vert moglegheita for fagleg utvikling styrka. Ekskursjonar gjev elevane høve til å vere saman på andre arenaer enn skulen. Dette er samlande og styrkjer det sosiale fellesskapet. For Hyllestad skule som også har mange framandspråklege elevar er det ekstra viktig med fellesskapskjensle i klassane. Det var kjekt å sjå at rektor seier at rekrutteringa av kompetente lærarar har vorte betre. Ein har investert for å utvikle, behalde og skape fagleg entusiasme og framtidstru. Det ville vere synd å slå beina under dette når ein no ser målet nærme seg.

Leiar av aktivitetsenteret er føreslege redusert til 20% stilling. Dei av brukarane som har miljøarbeidar vil få tilbod om å vere på aktivitetsenteret i følgje med desse. Men det er heilt klart svært begrensa kor mykje ein person åleine kan gje av aktivitet når ein også skal ivareta kvar brukar sine personlege behov for hjelp. Miljøtenesta har vore ei av dei tenestene innanfor omsorg med lågast sjukefråver. Om presset og kjensla av å komme til kort kvar dag vert det vanlege, er det dessverre ein realitet at dette kan endre seg. Dei av brukarane som ikkje har miljøarbeidar vil i praksis ikkje ha ein stad å gå til for å møte andre og vere i aktivitet/arbeide kvar dag. Dei kan komme til lokala og vere der. Men kva positivitet og utvikling vil det då vere om ikkje nokon er der og set i gang, lagar mat, legg til rette for aktivitet og trim? Fellesskapet, det sosiale, ein stad å høyre til er ekstra viktig for dei som står utanfor det ordinære abeidslivet. Det handlar om livskvalitet for dei som fekk eit liv med fleire begrensingar enn det dei hadde håpa.

På Nav er det føreslege å kutte 20% stilling. Men skal Nav Hyllestad klare å drive sosialfagleg arbeid for å halde sosialhjelpsbudsjettet nede treng ein dei ressursar ein har i dag. Mange veit ikkje kva sosialfagleg arbeid i Nav betyr. Det handlar om å ha høve til å reise på heimebesøk for følgje opp vedtak, gje økonomisk råd og rettleiing, gjeldsarbeid, frivilleg forvalting av trygd og rusarbeid for å nemne noko. Ein har også andre ordningar td kvalifiseringsprogrammet der deltakarane har krav på tett oppfølging på vegen til arbeid. Dette er tidkrevjande og lovpålagde arbeidsoppgåver. Om ein ikkje får ressursar til å prioritere det vil det kunne få store konsekvensar for einskildpersonar som hamnar i økonomisk uføre. I tillegg vert jobben Nav må gjere i ettertid vesentleg meir omfattande.

Psykisk helseteneste har hatt 1,5 stilling dei siste åra. Ein har hatt ei teneste som kan jobbe med dei kronisk psykisk sjuke i kommunen, men også personar som har møtt utfordringar som har gitt dei psykisk ubalanse for ein periode. Ein ser at brukargruppa har vorte større. Frå nyttår er det føreslege å vidareføre vakanse, slik at tenesta vert redusert til 80% stilling. Ein har søkjar som er klar til å komme inn i 50% dersom tenesta vert opprettheldt. Om ein gjev eit redusert tilbod frå psykisk helseteneste vil dette føre ti l auka trykk i legetenesta, omsorgstenesta og Nav. Ein vil heller ikkje ha moglegheit til å vere i hyppig nok kontakt med brukarane til å sjå tidleg om dei er i ferd med å verte dårlegare. Tidleg intervensjon i psykisk helsearbeid er viktig. Det gjev større moglegheit for å lukkast i behandlinga og ikkje minst gjev brukaren ein kortare periode med eksempelvis psykose, angst eller depresjon. Nokre treng hjelp til å verte frisk, andre til å leve med sine vanskar og begresningar og likevel ha verdigheit og god livskvalitet.

Vi ynskjer også å nemne forslag om å kutte leiarfunksjonar, kjøkken og vaskeri i omsorgstenestene. For å kunne redusere sjukefråver er ein avhengig av god dialog med den sjukemelde og oppfølging frå leiarar. Dette krev tid. Og om leiarane skal overta avdelingssjukepleiaroppgåver vil dette naturleg nok bruke opp tid som skulle gått til dette. Å ha kjøkkentenester inneber at ein kan bringe fersk mat rundt til brukarane kvar dag. God næring er førebygging av sjukdom, og for mange kan det gje styrke til å bu lenger heime. Matlukt på institusjonen handlar om livskvalitet, om å kunne gle seg til måltida. For mange er dette høgdepunkt på dagen.

Behova i tenestene vi har kommentert vert ikkje vekke sjølv om hjelpetenestene vert reduserte. Eleven, brukaren eller pasienten vil framleis ha trong for støtte og hjelp. Om ein kuttar i ei teneste vil det føre til auka trykk på dei andre. For dei som ikkje kan få hjelp frå andre tenester vil det gje ein kvardag som er tung og vanskeleg, med færre lyspunkt og mindre moglegheiter for utvikling og vekst. For desse brukarane handlar det ikkje berre om kvalitet på tenester, men om livskvalitet i det heile. Vi ber kommunestyret tenke langsiktig. Om ein ikkje tek tak i problema tidleg vil det kunne føre til store behov på sikt. I tråd med samhandlingsreforma ynskjer FO at Hyllestad kommune skal vere ein kommune med fokus på førebygging og folkehelse i eit breitt perspektiv.

FellesOrganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar i Hyllestad (FO)
Brite Wallevik Ness
Gry Herland
Sigrunn Østerbø
Sveinung Igland
Aina Brendsdal Forthun
Katrin Borlaug Ringereide
Anne Merete Takle

Julekonsert søndag 18.12.

Den tradisjonelle julekonserten i Hyllestad vert i år på 4. søndag i advent, altså den 18.12. kl 1800, i Øn kyrkje.

Lokale artistar ynskjer på denne måten å gje ei førjulsgåve i form av ei stemningsfull stund i kyrkja. Kor, korps, spelemannslag, kulturskulen, organist, presten og andre aktørar deltek.

Kollekt til Hyllestad musikkråd sitt arbeid ved utgangen – du vel sjølv kva du vil betale for opplevinga. Arrangert i samarbeid mellom Kulturskulen, Kyrkja, Musikkrådet og Folkeakademiet Hyllestad.

Du kan lese meir om konserten etterkvart som detaljane vert klare, på kommunen si heimeside.

Budsjettarbeid - ei oppdatering frå Samlingslista

Desember er budsjettid, og frå presentasjonen og fram til formannskapsmøtet i morgon har gruppene jobba med administrasjonen sitt framlegg. Samlingslista jobbar tett saman med AP, og her er nokre av dei vurderingane vi har gjort fram til no.

http://systaddal.blogspot.com/2011/12/budsjettet-samlingslista-sitt-arbeid.html

Har du meiningar eller innspel? Nøl ikkje med å ta kontakt, og kommenter gjerne på innlegget.