Viser arkivet for februar, 2012

Konsert med Fjordklang !

I lag med Folkeakademiet Hyllestad arrangerer Fjordklang konsertkveld i Fleirbrukshuset tysdag 20.03. kl. 19.00. Fjordklang syng songar og publlikum vil få sjansen til å delta på allsangar. I pausen vert det kaffi og kaker. Inngangsbillett er 100 kr for voksne og 50 kr for elevar. Håpar du kjem og høyrer på oss, og deltek på allsongane.

Vel møtt !

Spitfire og Arvandor i Hyllestad!!

Konsert med Spitfire og Arvandor!
Stad: Åfjorddalen Bygdehus lørdag 18. februar
Kl 2000-2330
Alder: Frå 8.kl
Rusfritt – kiosk
Bill: kr 100,-

Arr: Åfjorddalen UL og Frivilligsentralen
Sponsa av: HAFS elektro, Marine Harvest, Havyard Power & Systems og Sparebanken Sogn og Fjordane
________________________________________________________________________

ARVANDOR:
Arvandor ser på musikken sin som eit schizofrent dyr vandrande omkring i den digre rockeverda. Musikken har melankolske krumspring, og eit instrumentalt fokus. Arvandor leikar med fleire sjangrar som metal, punk og pop. Dette er musikk for ein kvar smak og humørsvingning"

SPITFIRE:
På lutt nrk Sogn og Fjordane finn du den nye musikkvideoen til Spitfire med låta MsMc Kagan

Since 2006 Spitfire has made their mark with appearances at the STØY Festival, Lost Weekend, Hove Festival-kickoff and supporting acts including Manfred Mann, Vreid, Skambankt, Ungdomskulen etc.
After replacing their first vocalist, and changing the bands name, the band returned to the studio in 2010,laying down tracks for some new tunes when the tragedy hit them…Spitfire’s bassplayer died in a tragically accident while riding his Harley. Even though the rest of the band still suffers from the loss of their beloved friend, they want to honour him by fullfilling their common dream; Spitfire.

Spifire have recently joined forces with Swedish produser Jens Bogren and Fascination Street. Bogren is a well known producer from his work with Opeth,Devin Townsend, Amon Amarth,Paradise Lost,James LaBrie and Enslaved to name a few.
The first result of this exciting project will be the release of the single ”Ms. McKagan”in january 2012. There will also be released a musicvideo for this song.

Referat etter Barnas Turlag i Hyllestad "Kom deg ut dag" 05. feb

KOM DEG UT DAG, SØNDAG 5.FEBRUAR.

Det var ein glad og velkledd gjeng som møtte opp og vart med Turbo på årets første tur og kom deg ut dag.
Turen gjekk frå Drøsdal til Svanetjønna.
Det var masse snø, 0 grader og kald vind.
Alle som ville delta på naturstien fekk utdelt svarskjema før det bar avgårde innover mot Svanetjønna. Det var mange som valgte å ha ski på beina i dag.

Vel framme vart det servering av pølser med brød, kakao og kaffi som var tilberedt på bålpanna.
Mens alle åt og kosa seg rundt bålpanna passa Turbo på å telje alle deltakarane. Han kom fram til at det var 17 ungar og like mange voksne.

Etter masse leik og moro i snøen og på skøytebana var det utdeling av premie, som var hue og drikkeflaske sponsa av norsk tipping, til dei tre med flest rette på naturstien.

Så var det endå meir leik, påfyll av kakao og klistermerker i turpassa før alle pakka ihope og var klar for å gå tilbake til Drøsdalen og heimreise.
Alle reiste heim med smilefjes og raude kjakar, vellykka tur:)

Helsing Styret
Barnas Turlag

ung-UT 1413 - nyskipa friluftslag

Etter innspel frå Frivilligsentralen i Hyllestad, samla ein gjeng unge og vaksne seg for å diskutere oppstart av eit friluftslag for ungdom i kommunen. Her kom det fram mange gode tankar og idèar, og det var tydeleg at interessa for å få dette i gang i høgste grad er tilstades. Det var semje om at vi i første omgang ikkje ynskjer å melde oss inn i DNT Ung (Den norske turistforening si ungdomsgruppe), men at vi vil vere eit frittståande lag utan medlemspengar, og at dei som deltek kanskje heller legg pengar i det turutstyret dei treng. Tilbodet skal vere for ungdommar frå 5.klasse og opp til 18 år.

Ein ynskjer å legge opp til eit allsidig friluftsliv, primært basert på opplevingar i nærområdet – men gjerne også andre stader. Det kan vere både sykkelturar, padling, fjellturar til fots og på ski, eller andre friluftsbaserte aktivitetar ein måtte ynskje. Her er det berre fantasien som set grenser, og ungdommane må sjølvsagt gjerne komme med innspel til kva dei ynskjer!
Sidan det vil kunne bli eit relativt stort spenn i alder på dei som blir med i gruppa, kan det vere aktuelt å dele opp aktivitetane litt, slik at dei yngste (evnt dei med minst erfaring) kan ha litt mindre utfordringar enn dei eldste (evnt dei som har meir erfaring). Det kan også bli aktuelt å legge opp til aktivitetar der ein har ei anbefalt aldersgrense eller eit ”erfaringskrav”, ut i frå utfordringane den aktuelle turen/aktiviteten har.

Vi tenkjer oss å kunne trekke inn vaksne med ulike kunnskapar, som kan vere med som leiarar ved behov. Ein ynskjer å vere såpass fleksible at ein kan bestemme seg for ein tur om ein ser at vêrmeldingane er bra for den kommande helga, og det vil då bli annonsert med plakatar, på facebook, Origo, og ikkje minst med ”jungeltelegrafen”. Her må alle bidra til å få med seg venner og kjende! Sjølvsagt vil ein òg legge opp til meir planlagde turar, men at ein også då kan ha fleksibiliteten med å avlyse om vêret ikkje vert bra.

Styret for gruppa vart valt slik:
Amalie B.Nesje
Tanja Akse
Margareth Robinson
Anders Lorentzen
Jan Arvid Støyva
Jannicke Aven
Solfrid Andersen (Frivilligsentralen)

Vi vart samde om å kalle laget ung-UT 1413.

Bli med då, vel! Alle frå 5.klasse og oppover er velkomne til å delta på trivelege turar framover. Følg med på annonsering – det blir truleg ikkje lenge til første tur!

Aktivitetskveld 8. februar kl 19-20.30

Alle frå 10 og oppover er velkomne i Bygdehuset på Åfjorddal.

Arr:ÅUL

Jubileumsgåve til Fjordklang !

Barnas Turlag "Kom deg ut dag" 05. feb

Vinteraktivitet på Svanetjønna
Søndag 05.02.2012 arrangerer Barnas Turlag i Hyllestad ”kom deg ut dagen”, og første tur i år vert til Svanetjønna. Ta med skøyter eller ski, alt etter vær forhold, men vi håpar værgudane vert med oss på tur.

Oppmøte og parkering vert ved Ingunn Steiestøl i Drøsdalen kl 12.00. Vi går samla til Svanetjønna (ca. 30 min).

Viss snøen og isen uteblir legg vi opp til ein fin tur i området. Vi lagar bål ved Svanetjønna, griller pølser og serverer varm kakao. På denne turen er mat og drikke gratis for alle.

Turbo og medhjelparane inviterer til spennande natursti med premiering for beste resultat.

Også i år vil Turbo gi ein premie til dei som har delteke på 4 og 8 turar, så pass på å få stempel i tur passa! Det er høve til å melde seg inn i Barnas Turlag på alle turane. Medlemskapet i 2012 kostar kr 110,- pr.år, og må betalast kontant ved innmelding.

Kontaktperson er Ingunn Steiestøl, 905 69 939

Styret i Barnas Turlag i Hyllestad ynskjer små og store velkommen til ”kom deg ut dag!

Barnas Turlag "Kom deg ut dagen"

Vinteraktivitet på Svanetjønna
Søndag 05.02.2012 arrangerer Barnas Turlag i Hyllestad ”kom deg ut dagen”, og første tur i år vert til Svanetjønna. Ta med skøyter eller ski, alt etter vær forhold, men vi håpar værgudane vert med oss på tur.

Oppmøte og parkering vert ved Ingunn Steiestøl i Drøsdalen kl 12.00. Vi går samla til Svanetjønna (ca. 30 min).

Viss snøen og isen uteblir legg vi opp til ein fin tur i området. Vi lagar bål ved Svanetjønna, griller pølser og serverer varm kakao. På denne turen er mat og drikke gratis for alle.

Turbo og medhjelparane inviterer til spennande natursti med premiering for beste resultat.

Også i år vil Turbo gi ein premie til dei som har delteke på 4 og 8 turar, så pass på å få stempel i tur passa! Det er høve til å melde seg inn i Barnas Turlag på alle turane. Medlemskapet i 2012 kostar kr 110,- pr.år, og må betalast kontant ved innmelding.

Kontaktperson er Ingunn Steiestøl, 905 69 939

Styret i Barnas Turlag i Hyllestad ynskjer små og store velkommen til ”kom deg ut dag!